SS ser at det kan vere positivt med ein samla oversikt over tilstanden til norsk natur. Men naturindeksen må reflektere det faktum at mennesket alltid har gjort seg nytte av dei rike ressursane i naturen. Spørsmålet er difor ikkje om det skal finne stad menneskeleg aktivitet i naturen eller ei, men om dette skjer på ein berekraftig måte som ikkje går ut over det biologiske mangfaldet.

Naturtilstanden dårleg i skog og ope lågland

Naturindeksen tek for seg tilstanden til ni økosystem. For kvart økosystem er det vald ein referansetilstand og eit sett med indikatorar som representerer det biologiske mangfaldet.

Naturindeksen for 2015 syner store forskjellar i tilstand for biologisk mangfald mellom økosystema. Verdien av naturindeksen er høyast for ferskvatn og dei marine økosystema og lavast for skog og ope lågland. Naturindeksen visar klarast tilbakegang for våtmark og ope lågland, mens marine pelagiske økosystem har vist framgang.

Ope lågland vil seie all kulturmark nedanfor skoggrensa som i stor grad er forma gjennom rydding og beite. Slåtte- og beitemarkene er blant dei mest artsrike vegetasjonstypane i Europa, og vanlegvis meir artsrike enn tilsvarande naturleg vegetasjon. Orsaka til reduksjonen av biologisk mangfald i ope lågland kan grovt sett delast i to – intensivert jordbruk med gjødsling og mekanisering, og attgroing av ope landskap.

Også skog visar ein svak framgang. Indikatorane i naturindeksen er særleg følsame for påverking frå skattlegging og klima i dei marine økosystema og frå arealbruk i dei øvre økosystema.

Kritikk av naturindeksen

Frå fagleg hald er både metoden og bakgrunnsmaterialet for naturindeksen kritisert. Det er også peika på at konklusjonane frå indeksen er presentert på ein for bastant og unyansert måte frå miljøstyresmaktene. Særleg naturindeksen for skog har møtt mykje kritikk frå skognæringa og landbruksdepartementet. Her er «gammel naturskog» brukt som referansetilstand, definert som «natur uten kraftige menneskelige forstyrrelser». Dette er ein tilstand som omtrent ikkje er å oppdrive i Noreg sidan skogen har blitt skjøtta og utnytta av menneske i mange hundre år. (Les kronikkene under).

Ein bør difor vere merksam på korleis naturindeksen blir brukt i både faglege og politiske diskusjonar framover, då metodikken som ligg til grunn for indeksen ikkje alltid gjev grunnlag for sikre konklusjonar, utan at dette blir reflektert i den offentlege debatten.

Naturindeksen – fagleg måleverktøy eller politisk reiskap?

Miljøstyresmaktene framhevar naturindeksen som eit «nøytralt måleverktøy» der resultata kan brukast til målretta tiltak og felles diskusjonsgrunnlag for den framtidige naturforvaltninga. Men det kan stillast spørsmål ved om den også kjem til å ta inn ein meir aktiv rolle i samband med arealforvaltning og ressursforvaltning på kommunalt plan, slik til dømes inngrepsfri naturområde gjer i dag.

Å ta vare på inngrepsfri natur i Noreg har vore eit politisk mål sidan midten på 1990-talet. I utgangspunktet skulle dette vere ein klassifiseringsstandard, men i praksis spelar områder med inngrepsfri natur aktivt inn på kommunane sitt handlingsrom, til dømes i saker om arealforvaltning.

Naturindeksen skil seg likevel frå områder med inngrepsfri natur ved at den gjeld heile økosystem og ikkje konkrete, geografiske område. Debatten om inngrepsfri naturområde er også i større grad prega av arten av inngrep, og aksept av inngrep i naturen. Naturindeksen viser derimot til eit stort mangfald av orsakar og trugslar mot det biologiske mangfaldet, det finns difor ingen enkel «fasit» for tiltak etter naturindeksen. Dette kan illustrerast ved at klimaendringane er ein viktig påverknadsfaktor for det biologiske mangfaldet i Noreg.

Les «Naturindeks for Norge 2015».

Sist oppdatert 8. april 2020