Opplysningsvesenets Fond står i ein heilt spesiell rettsleg stilling som grunneigar, då det har eit særskilt vern etter Grunnlova § 106. Høgsterett kom med ei viktig avgjerd om tolkinga av denne grunnlovsføresegna våren 2010.

Fakta om Opplysningsvesenets Fond (OVF)

Ved opprettinga av Grunnlova i 1814 fekk det “benificerte gods” eit spesielt rettsleg vern i Grunnlova § 106. På bakgrunn av grunnlovsføresegna, vart Opplysningsvesenets Fond oppretta ved lov i 1821. Formålet med lova var å sikre at kapitalen og avkastinga av OVF skulle vere skild frå statlege midlar, og brukast til “geistilghetens beste”. Lova frå 1821 vart avløyst av “Lov om Opplysningsvesenets Fond” (fondsloven) i 1996, og denne regulerer fondet i dag.

Forvaltninga av OVF ligg formelt under Kongen, jf fondslova § 4. Ansvaret er fordelt til Kulturdepartementet. Kven som eig sjølve fondet – staten eller den norske kyrkja, har vore eit uavklart spørsmål sidan 1814 og er framleis ikkje avgjort.

Verdiane til OVF er i hovudsak fast eigedom og verdipapir. Fondet eig omlag 600 eigedommar fordelt på 357 kommunar, til saman eit areal på over 1 million dekar. Fondet har verdiar til om lag 6 milliardar kroner.

Fondet eig om lag 860.000 dekar skog og utmark, og der halvparten er produktiv skog. Som stor skog- og utmarkseigar har OVF også satsa på utbygging av småskala vasskraftanlegg dei siste åra.

Kva rammer set Grunnlova § 106 for forvaltninga for OVF?

Våren 2010 vart det sagt dom i Høgsterett om tolkinga av Grunnlova § 106. Dommen går nærare inn på dei rammene Opplysningsvesenets Fond må halde seg innanfor ved forvaltninga av fondet sine midlar. Saka mellom staten og OVF gjaldt instruks frå Regjeringa med pålegg til statleg styrde fond og statlege eigedommar om å gje sine tomtefestarar gunstigare vilkår ved innløysing av festetomta, enn det som fylgde av tomtefestelova. Fondslova som regulerer OVF vart endra i tråd med instruksen, og ny føresegn trådte i kraft 1. januar 2009.

Den statlege instruksen – og påfylgjande endring i fondslova – ville medføre eit monaleg tap for OVF. Utrekningar synte eit tap mellom 1,4 til 1,65 milliardar kroner. Etter OVF sitt syn ville dette medføre ei overføring av monalege verdiar til andre formål enn dei som fylgjer av Grl § 106. Staten på si side meinte at grunnlovsføresegna berre set grenser for bruken av midlar som tilflaut fondet i form av “kjøbesummer og indtækter” slik ordlyden i lova seier, og at lova ikkje set grenser for omdisponeringa av midlane til fondet på annan måte. Opplysningsvesenets Fond gjekk til søksmål mot staten med påstand om at instruksen var ugyldig. OVF vann saka.

Det sentrale spørsmålet for Høgsterett var forståinga av Grl § 106 og kva formål midlane i Opplysningsvesenets fond kan gå til. Høgsterett skriv i dommen at OVF har vore rekna som ein “formålsbestemt formuesmasse” heilt sidan vedtakinga av Grunnlova i 1814, og at dette medfører at disposisjonar berre kan gå til dei formåla som er nemnde i føresegna. Vidare tolka Høgsterett grunnlovsføresegna, med førearbeid, slik at det ikkje berre er eit krav etter lova at inntektene til fondet må gå til formåla, men sjølve verdiane som ligg i fondet må sikrast slik at dei ikkje vert redusert. På bakgrunn av dette kom Høgsterett i dommen til at instruksen var i strid med Grunnlova: (premiss 122)

“Min konklusjon så langt er at en slik systematisk omdisponering av betydelige deler av fondets formue ikke er forenlig med Grunnloven § 106. Bestemmelsen må forstås slik at den ikke bare oppstiller krav om at kjøpesummer og inntekter av det benifiserte gods skal forbeholdes “Geistlighedens Bedste og Oplysningnes Fremme”, men at fondets midler også må forvaltes slik at verdiene sikres og bevares til fordel for disse formål. Jeg presiserer at dette ikke er ensbetydende med et krav om maksimal økonomisk avkastning.”

Etter Høgsterett si oppfatning går altså plikta til å ta vare på verdiane lenger enn det som fylgjer av sjølve ordlyden i Grunnlova § 106 om “kjøbesumme og indtægter”. Den statlege instruksen la opp til at fondet skulle få inntektene frå salet av festetomtene. Men det forhold at festarane fekk kjøpe tomtene til redusert pris, ville i seg sjølv redusere og omdisponere verdiane i fondet monaleg. Dette var det ikkje høve til etter Grl § 106.