Skip to content
search

10/12 - Landsmøtets resolusjon 2012

Landsmøte i USS ber om at Regjeringa så snart som råd gjer framlegg om naudsynte lovendringar med sikte på at regulering av snøskuterkøyringa blir del av den generelle arealplanlegginga.

Bruk og vern av utmarksressursar og eigne naturverdiar er blant dei viktigaste innsatsområda til kommunane. Kommunane er ein integrert del av eit heilskapleg nasjonalt styringssystem, og naturressursforvaltinga råkar både nasjonale og lokale interesser.I Stat og kommune – styring og samspel (Meld.St.12 (2011-12)) slår regjeringa fast at rammestyring skal vera eit hovudprinsipp for statleg styring av kommunesektoren. Ein føresetnad for dette er eit politisk handlingsrom som gjev det kommunale sjølvstyret eit reelt innhald, og at statens styring blir avgrensa til å sikre nasjonale omsyn, jf. s. 72 i meldinga.Gjeldande regelverk og forvaltingspraksis avvik frå dette balansepunktet. Landsmøtet bed derfor Regjeringa om følgjande:1) Endre lov om motorferdsle i utmark slik at reguleringa av snøskuterkøyring blir del av den kommunale arealplanlegginga etter plan- og bygningslova. Forsøksprosjektet i sju kommunar har vist at dette gjev styresmaktene betre kontroll, samstundes som bruk av snøskuter kan tilpassast dei ulike lokale tilhøve etter ei avveging i lokalpolitiske organ. Forsøksprosjektet har gått langt ut over dei fristane som forsøkslova av 1993 set for lokale reformforsøk, og  det er gjennomført naudsynte konsekvensutgreiingar. Lova er overmogen for modernisering. Landsmøtet meiner at det det er henta inn nok kunnskap i denne saka, og det ligg ikkje føre saklege grunnar for fleire utgreiingar. Med tilvising til dei positive signala som dei frammøtte stortingsrepresentantane gav landsmøtet, bed USS om at Regjeringa så snart som råd gjer framlegg om naudsynte lovendringar med sikte på at regulering av snøskuterkøyringa blir del av den generelle arealplanlegginga der det òg kan opnast for rekreasjonskøyring. Føremålet med dei endringane USS ønskjer, er styrkt regulering og redusert konfliktnivå.2) Gjev den nye forvaltingsmodellen for store verneområde eit reelt lokaldemokratisk innhald, ved at områdestyra får mynde og midlar til å fatte viktige vedtak om bruk og skøytsel av verneområda i tråd med verneføremålet, i staden for å redusere dei til «dispensasjonsetatar».  Landsmøtet bed Regjeringa om å setje i gang ei evaluering av forvaltingsmodellen, som også kan avklare oppgåve- og ansvarsdelinga mellom, fjellstyra,  SNO og områdestyra, saman med tilskotsordninga til den lokale verneforvaltinga. USS og medlemskommunane må takast med i prosessen. Utan snarlege grep vil den lokale legitimiteten til forvaltingsmodellen bli svekka.3) Innføre ei konsultasjonsordning med USS i naturressursforvaltinga. Konsultasjonsordninga  med KS er ein nyttig reiskap i dialogen mellom dei ulike forvaltingsnivåa. Det er likevel i hovudsak USS som tek vare på kommunesektorens interesser i utmarksrelaterte spørsmål, og med meir enn 80 medlemskommunar har USS brei røynsle og solid kompetanse, som i større grad bør utvekslast mellom kommunesektoren og staten. Landsmøtet bed derfor Regjeringa  om å institusjonalisere ein ordna dialog mellom USS og staten, tilsvarande den gjeldande konsultasjonsordninga.Pdf versjon på bokmål.

Pdf versjon på nynorsk.